NO   DE   EN

Fjordaferie Kurs og Konferanse

Er du blant dei som er lei av det tradisjonelle opplegget når verksemda di skal på kurs?

- Då skal du legge neste kurs til Fjordaferie kurs og konferanse, der alt ligg til rette for att ein skal få eit triveleg og lærerikt opphald.. Her vert alle samla under heile kurset og det er høve for meir ”personleg” opplegg i forhold til kursdeltakarane. Husa kan de styre med sjølve med tanke på matlaging, underhaldning om kveldane m.m.

Framfjorden innbyr også til mange aktivitetar i den flott naturen i området.

Fjordaferie Kurs/Konferanse kan tilby:

Julebord i Fjordastova

Hus 1, Fjordastova

Hus 1, Fjordastova

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • 14 overnattingsplassar
  • konferanserom
    • projektor, video, dvd, overhead,
    • printer/scanner/kopimaskin 
  •  fullt utstyrt kjøkken
  • utandørs boblebad/massasjebad 
  • sauna
  • danseplass
  • biljard

Hus 2, Valsvikstova

  • 10-12 overnattingsplassar
  • grupperom
  • fullt utstyrt kjøkken
  • spisestove

 

Husa ligg rett ved kvarandre og ein hagegang knytter husa saman.
For mindre kurs kan ein leiga kun Fjordastova, då alt kursutstyr er i dette huset.
Dersom ein ikkje treng Valsvikstova til kursdeltakarane, kan kurshaldar disponere Valsvikstova og denne har då anledning til å ta med seg ektefelle/familie.


PRISAR KURS OG KONFERANSE

Fjordastova m/kurslokale: 1 døgn kr. 4000,- 2 døgn kr. 6500,-
Fjordastova/Valsvikstova m/kurslokale: 1 døgn kr. 6000,- 2 døgn kr. 8500,-

Valsvikstova til kurshaldar: 1 døgn kr. 1500,- 2 døgn kr. 2500,-

Prisen inkluderar sengeklede og sluttreingjering.

Catering
Matlaging kan kursdeltakarane ta seg av sjølve (teambuilding), eller kanskje catering høver best til ditt føremål? Vi stiller med servitørar etter ønskje.
Dersom du vil bestille catering, vennligst send oss ein oversikt over dei måltida de ønsker levert til huset. Vi sender tilbake menyforslag og prisar.

Fjordastova og Valsvikstova høver også utmerka til personalturar og blåturar!
Kva med å skifte ut årets julebord med eit opphald som garantert vil falle i smak?

Vi kan tilby opphald frå kr. 2000,.- pr. døgn. Be om pristilbod!

Aktivitetar
Boblebadet
Boblebadet har synt seg å vera eit svært populært innslag hjå gjestene våre. Badet er godkjend som terapibad, og kan dermed anbefalast både til forlystelse og for helsa si skuld.  

 



Turar
Framfjorden er ein naturleg inngangsport til Stølsheimen landskapsvernområde. Her kan de gå fantastiske dagsturar (alt frå 2 timar – 8 timars turar).

Framfjorden er ein naturleg inngangsport til Stølsheimen landskapsvernområde. Her kan de gå fantastiske dagsturar (alt frå 2 timar – 8 timars turar).

Bungane er ein fråflytt gard høgt oppe på ein fjellknaus, med flott utsikt ned til Framfjorden, Indrefjorden, Nese, Otterskred og vidare utover Sognefjorden. Turen opp tek ca. 2 timar.

Lee er ein annan høgdegard som fortsatt er i drift. Turen tek ca. 1 time opp, eller ein kan køyre bil.

Veglause Finnabotnen/Finden er vel verdt eit besøk. Fjordcruiset går frå kaien i Framfjorden, via Finden og inn i fantastiske Finnabotnen. Det er mogeleg å få servering på garden til Lars Finden (skjenkeløyve).

Fiske/Jakt
- Vi har båtar og fiskeutstyr til leige for fisking i Sognefjorden.
- I Vikja er det laksefiske frå 10. juni – 10. september.
- Det er også muligheit for fiske og jakt på fjellet.

 

Fjordaferie    e-post opplev@fjordaferie.no    6894 Vangsnes    Tel +47 57 69 52 95 Mob +47 90 72 56 78