NO   DE   EN

Aktiviteter

Fiske
Meget gode mogelegheiter for fiske, både på fjellet, på fjorden og elva Vikja i Vik. Feriehuset ligg ca. 50m fra sjøen, og me har 3 båtar som kan leigast.

Fotturar
På fjella er det nettverk av godt merka og skilta turstiar. Ved dei mest nytta innfallsportane er det sett opp informasjonstavler med kart og nyttige opplysningar. Turkart får du kjøpt på turistkontora.


Fjordturar
"Ferje over Esefjorden" - ein fin båt som tek deg over fjordarmen frå Balestrand sentrum til Tjugum/Dragsvik. Charterbåt kan ta deg med på fjord-fiske, omsyning til Kvamsøy, Vangsnes og Finnabotn eller Fjærland. Max 10 personar kvar tur.
Kontakt Vik turistkontor tlf. 57 69 56 86.

Fjord Cruise
Større båtar som kan leigast. Catering om ynskjeleg.
Norway Fjord Cruise, tlf.+47 57 65 35 00

Rundturar med offentleg transport
Med Balestrand, Fjærland, Leikanger eller Vik som utgangspunkt, fins det eit stort utval tilrettelagde rundturar med båt, buss og tog. Spesielt populære er båtturane til Bremuseet og breane i Fjærland. Turistkontoret i Balestrand, Fjærland og Vik sel billettar i sommarsesongen.

Stall Berdal i Feios
Riding for alle aldrar i alle vanske gradar. Frå 1 t. til ein heil dag. Å oppleve fjord- og fjellandskap frå hesteryggen er ei unik oppleving

Finden Gard i Finnabotn
Du vert skyssa med båt inn til denne veglause grenda, og her openbarar det seg mektig, urøyrd natur. Gardsfolket syner deg geite-drift og ysting. Prøvesmaking av heimelaga geitost. Kaffi og vaflar. Finden Gard, tlf. 57 69 61 81. Open heile året

Ligtvor Gard
Gardsbesøk med forskjellige dyr, fiske og ølbrygging. Bilveg frå Vik. Kontakt turistkontora eller Ligtvor Gard, tlf. 57 69 51 51.

Andre aktivitetar
Båtturar, båtutleige, utflukter/dagsturar, breturar, gardsbesøk, bading, sykkelutleige, turar med sjøfly og helikopter. Kontakt oss på opplev@fjordaferie.no, eller tlf: 57 69 52 95.

 

Fjordaferie    e-post opplev@fjordaferie.no    6894 Vangsnes    Tel +47 57 69 52 95 Mob +47 90 72 56 78