NO   DE   EN

Attraksjonar

6893 VIK I SOGN
Vik har eit triveleg sentrum, der ein har teke vare på gamle byggetradisjonar og fargar, som tek vare på det opphavlege. Mellom anna er skilta til butikkar, offentlege etatar og andre bygningar måla rett på veggen.
Vikøyri
Med sine små gamle hus og naust er Vikøyri eit idyllisk område som er eit besøk verdt. Lokalisert i Vik sentrum.

Hopperstad Stavkyrkje
Ei rikt dekorert stavkyrkje frå omlag år 1130.
Sesong: 11. juni - 24. aug. 09.00-19.00 15. mai - 11.jun. og 24. aug. - 15. sep. 10.00-17.00
Pris: Vaksne NOK 40,- grupper 35,- familie 80,- Fellesbillett for Hove/ Hopperstad NOK 55,-
Tinging av omvisningar tel. 57 69 57 67, utanom sesongen 57 67 88 40

Hove Steinkyrkje
Nydeleg kyrkje frå omlag 1170. Eldste steinkyrkje i Sogn, og vel verdt ei vitjing.
Open 20 juni-20 august 10.00-17.00.
Pris: vaksne NOK 30,- grupper 25,- familie 60,-
Fellesbillett for Hove/Hopperstad NOK 55,- Tinging av omvisningar i sesong tel. 57 69 66 93, utanom sesong 57 67 88 40

Gravhaugar
Vik har ei rik historisk fortid. Meir enn 100 gravhaugar med rike funn vitnar om makt og rikdom.

Kristianhus Båt og Motormuseum
Museet ligg ved sjøen i Vik Sentrum, i samanheng med turistkontoret. Her kan du få oppleva korleis livet arta seg på fjorden i gamle dager.
Tlf. +47 57 69 56 86. Sesong: 15. mai - 01. sep. 10.00-17.00

Fridtjovstatuen på Vangsnes
Eit landemerke som ruvar 27 meter over bakken. Statua er ei gåve frå Keisar Wilhelm II, og ligg i ein vakker park med utsyn over Sognefjorden

Borgstova
Hus frå 1790. Einaste minne etter offisersgarden Sjøtun som omfatta omtrent heile Vik sentrum. Monter med kopiar av dei eldste gravfunna i Vik. Ope etter avtale. Vert utleigd til private arrangement. Kaffi og vaflar.

 

 

Fjordaferie    e-post opplev@fjordaferie.no    6894 Vangsnes    Tel +47 57 69 52 95 Mob +47 90 72 56 78